Om Statped

Statpeds samfunnsoppdrag er å bidra til at barn, unge og vaksne med særskilte opplæringsbehov får høve til å meistre eigne liv og vere aktive deltakarar i utdanning, arbeid og samfunnsliv på lik linje med andre.

Statped er eit direktorat underlagt Kunnskapsdepartementet. Hovudoppgåva vår er å levere gode tenester innan spesialpedagogikk, teiknspråkopplæring og læremiddelutvikling, til kommunar og fylkeskommunar over heile landet. På den måten bidreg vi til at dei som er tett på barn og elevar med varige, omfattande og komplekse behov for tilrettelegging, er i stand til å gi eit godt tilpassa tilbod i ein inkluderande fellesskap.

Statped gir landsdekkjande tenester til samiske brukarar på fagområda våre gjennom Samisk spesialpedagogisk teneste (SEAD). Statped har også den statlege skuleeigarskapen for Diamanten skule for elevar med døvblindskap. På fagområdet døvblindskap tar Statped seg av eit oppdrag frå Helse Nord, og vi er ein del av Nasjonal kompetanseteneste for døvblinde (NKDB).

Vi gir faglege råd til Kunnskapsdepartementet i saker som gjeld barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov og fagområda våre, og systematisere kunnskapen vår slik at han kan bli relevant for politikkutviklinga til departementet.

Statped sine tenester er ikkje lovpålagde. Tenestene har bakgrunn i barnehagelova og opplæringslova. Tenester til vaksne har bakgrunn i opplæringslovens femte del – førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Statped skal arbeide etter desse måla

Kunnskapsdepartementet (KD) styrer Statped. Tildelingsbrevet frå KD er Statpeds overordna styringsdokument.

Portrett Anne Marie med jakke

Flere søknader og redusert saksbehandlingstid

Statped hadde i fjor en økning i antallet individtjenester samtidig som vi reduserte den samlede saksbehandlings- og ventetiden.

Årsrapporter